Denne bloggen bruker süperbahis software. Stranda VGS på tur til Berlin

Stranda VGS på tur til Berlin




Torsdagsrapport frå Berlin.

Posted at 08:53, 20 December 2007

Omtrent som planlagt i går, bortsett frå at vi har fått oppkastsjuke og kanskje litt influensa i herberget.
Fire elevar må halde seg i ro i dag, vi håper det kjem seg til i morgon. Ettermiddagen er sett av til besøk på "Museumsøya" ( verdsarv), så blir det vel noko å finne på rundt Potsdamer Platz i kveld. Vi reiser til flyplassen straks etter frokost i morgon, og etter ei lang reise blir det vel jul på alle.



Onsdagsrapport frå Berlin.

Posted at 09:30, 19 December 2007

Tur til Potsdam etter skuletid i går, besøk på slottet Sanssouci. Lang togtur, laaang spasertur, omvising i Fredrik den Stores "sommarhus" (godt bevart rokokkoslott, sjølvsagt verdsarv), og vi fekk eit inntrykk av både ein litt særeigen konge og tida han styrte i. Rusla rundt i Potsdam sentrum om kvelden (sjølvsagt stor julemarknad), reiste heim gruppevis etterpå.

I dag blir det "fri dag" etter undervisninga: OL-stadion, Fjernsynstårnet, Kurfürstendamm osv. Vi lærer tysk heile tida, og vågar stadig meir å bruke språket i praksis.



Hallo aus Berlin!

Posted at 10:33, 18 December 2007

Endeleg har vi tid til å ordne internett-tilgang. Vi kom vel fram, trøytte, starta direkte på lang (og kald) byvandring. Berlin er julepynta overalt, med stil, og det er mengder av julemarknader, liv og røre. Skulen går fint, kjekt, det er blitt normalt med tysk. Travle ettermiddagar, vi reiser over heile byen.
Vi har lært grundig om Muren, vore til topps i glaskuppelen i Riksdagen og sett verdas største sjokoladenisse. I ettermiddag skal vi til Potsdam, på verdsarvbesøk. Alle har det bra! Bilde seinare.